Kjøpsvilkår

Det er Hallingdølen as, No 912274446 MVA, Sundrevegen 79, 3570 Ål, som er juridisk seljar av abonnementsproduktet du no kjøper.

Hallingdølen as er ansvarleg for dei kredittkorttransaksjonar som blir gjort gjennom denne nettsida. Alle abonnementskjøp av Hallingdølen medfører at du som kunde må betale på forskot.

Du vil difor ikkje ha tilgang til abonnementet før du har betalt. Du har sjølvsagt høve til å angre på kjøpet, men vil då berre bli refundert abonnementsbeløpet for resten av abonnementsperioden du har bestilt, med frådrag av eit ekspedisjonsgebyr.

Du kan ikkje kansellere eit abonnementskjøp i nettbutikken etter at du har betalt. I slike tilfelle må du ta kontakt med vår abonnementsavdeling. Dersom du ønskjer å avslutte eller kansellere eit igangsett abonnement, må du gjera det ved å ta kontakt med Hallingdølen via e-post til abonnement@hallingdolen.no eller ved å ta kontakt med vår abonnementsavdeling på tlf.nr. 32 08 65 00.

Alle kundedata blir lagra i Hallingdølens abonnementsdatabase med gode tryggleiksrutiner, der krav til personvern blir ivaretatt etter norsk lov. Kundedata blir ikkje seld til eller delt med andre. Den juridiske eigaren av abonnementet er den personen som har teikna det.

Brukar-ID og passord til Hallingdølens digitale produkt må ikkje delast med andre enn medlemer av abonnentens eigen husstand, på hans/hennar opphaldsadresse. Dersom ein deler brukar-ID og/eller passord med andre, eller på annan måte misbruker Hallingdølens tenester, har avisa høve til straks å stenge abonnentens tilgang til desse tenestene.

Abonnenten vil då miste tilgangsretten til dei produkt og tjenester ein eventuelt har kjøpt tidligare.

Logging

Ved innlogging på dei digitale produkta Hallingdølen leverer blir det lagra informasjon om kven som loggar inn og kvar ein loggar inn frå. Hallingdølen nyttar informasjonen for å avdekka eventuelle misbruk av abonnement. Desse dataene blir lagra av Hallingdølen i ei begrensa tid.

Abonnementsvilkår

Det er Hallingdølen as, No 912274446 MVA, Sundrevegen 79, 3570 Ål, som er juridisk seljar av abonnementsproduktet du no kjøper. Hallingdølen as er ansvarleg for dei kredittkorttransaksjonar som blir gjort gjennom denne nettsida.

Betaling av abonnement

Abonnementet på Hallingdølen er løpande. Avisleveringa blir forskotsbetalt for den betalingsterminen abonnenten har vald. Abonnenten kan likevel når som helst si opp abonnementet med minst 7 dagars varsel.

Manglande betaling blir ikkje rekna som oppseiing. Hallingdølen tek atterhald om når som helst å kunne endre prisen på det igangverande abonnementet. Dei nye prisane blir kunngjorde gjennom annonsar seinast 14 dagar før iverksetting. Alle prisar er inkludert meirverdiavgift. (Dei nye prisene blir gjort gjeldende og for abonnement som før prisendringa er forskotsbetalt etter tidligare pris.)

Abonnementsprisar frå 1. januar 2017:

Totalabonnement 2018:
  • 1 mnd: 189 kroner
  • 3 mnd: 649 kroner
  • 6 mnd: 1249 kroner
  • 12 mnd: 2290 kroner
Nettabonnement 2018:
  • 1 mnd: 169 kroner
  • 3 mnd: 579 kroner
  • 6 mnd: 1149 kroner
  • 12 mnd: 2089 kroner

Fakturaer fra Hallingdølen blir tillagt fakturaomkostningar på kroner 35,-. Dette kan ein unngå ved å teikne ei AvtaleGiro-avtale eller gjera avtale om mottak av eFaktura. Månadsabonnement føreset betaling med AvtaleGiro eller kortbetaling. Purringer blir belasta med purreomkostningar på kroner 50,-.

Abonnement som ikkje blir betalt innan fristen får tilsendt purring. Me sender ut innbetalingsblankettar i god tid før forfall. Abonnementsregninga kan og betalast i vår ekspedisjon i Sundrevegen 79 på Ål.

Bankgiro: 2320.07.20830

Ved bestilling på nett vert det sendt ut ordrebekreftelse på e-post.

Kortbetaling (PayEx)

På Hallingdølen sine nettsider kan du bruke betalingskort (Visa/ MasterCard).

AvtaleGiro

Med AvtaleGiro let du banken din ordne betalinga for deg på forfallsdato. Då slepp du bryderiet med å ordne dette sjølv, samtidig som du har like god oversikt over betalinga og kontoen din som før. AvtaleGiro er og ein av dei rimeligste måtane å betale rekningar på.

Ta kontakt med banken din for nærmare informasjon. eFaktura Med eFaktura får du rekningane rett i nettbanken, ferdig utfylte med KID, kontonummer og alt! Korleis kan elles administrere abonnementet ditt? På Hallingdølens nettside kan du logge deg inn på sida for automatiske servicetenester.

Her kan du:
  • omadressere avisa
  • be oss om å ta vare på avisa dersom du er bortreist
  • gi bort avisa

For å kunne bruke denne tenesta, må du logge deg inn med brukarnamn og passord. Brukarnamn er e-postadressa di. Passord får du hjå oss ved å sende e-post til abonnement@hallingdolen.no. Du kan og ta kontakt med kundesenteret vårt på tlf 32 08 65 00.

Levering

Levering av avisa i Hallingdal

For abonnentar i Hallingdølens eige budnett er målet vårt at du kvar tirsdag, torsdag og laurdag innen kl. 07.30 skal ha avisa i postkassa di. Den må vera godt synleg og merka med abonnentens namn. Som abonnent har du ansvar for at tilgangen er så god som mogleg. På vinterstid må tilgangen vera rydda for snø og og strøydd når værtilhøva krev det. For postleverte aviser gjeld postens leveringsvilkår.

Abonnentar pliktar å melde frå til Hallingdølen snarast mogleg ved manglande levering eller andre uregelmessigheiter. Dette gjeld og ved opphald i leveringa pga ferie eller liknande slik at ein unngår at avisene fyller opp postkassa unødig når ein er fråverande.

Flytting av avisa til ferieadresse i utlandet

Du kan omadressere avisa til ferieadressa di i utlandet. Det er viktig å vera merksam på at dette skjer på eige ansvar for deg som abonnent. Hallingdølen kan ikkje garantere for framsendinga. Difor er det viktig å melde frå dersom avisa uteblir. Dersom du ventar lenge med å si ifrå, vil ikkje manglande avis(er) bli krediterte, og du kan sjølv måtte dekke tapet for uteblitt avis. Dersom abonnenten omadresserer avisa i ferieperioden, kan det koma til ekstra kostnader med utsendinga. Eventuell tilleggskostnad blir lagt til til første fakturering etter at kunden har returnert til heimeadressa.

Levering av avisa utanfor Hallingdal

Abonnentar utanfor Hallingdal vil kunne oppleve å få avisa ein dag forseinka. Det er Postens fristar, transport- og distribusjonrutiner som vanlegvis er årsak til dette. Ved omadressering innanlands vil dette og kunne skje.

Uteblitt avis

Om avisa uteblir pga. streik, lockout eller andre leveringsproblem, er Hallingdølens erstatningsansvar avgrensa til det abonnenten har betalt for tilsvarende tidsrom.

Ved uteblitt eller vesentleg forseinka avis, vil Hallingdølen uansett årsak anten ettersende avisa eller godskrive abonnenten det som er betalt for avisa i tilsvarande tidsrom under føresetnad av at abonnenten snarast melder frå om det. Dersom avisa uteblir eller er vesentleg forseinka av andre årsaker enn leveringshindringar som ligg utanfor Hallingdølens kontroll og abonnenten har kjøpt dagens avis hjå laussalsforhandlar, kan abonnenten krevja at prisforskjellen mellom laussalspris og abonnementspris blir refundert.

Rettar

Som abonnent av Hallingdølen har du tilgang til alt materiale, herunder tekster, artiklar, nyheiter, fotografi og video, grafikk og annet som er publisert av Hallingdølen. Du kan laste ned og/eller skrive ut ein enkel kopi av materialet berre til ditt eige bruk. Avfotografering, nedlasting eller kopiering med sikte på gjenbuk er ikkje tillatt.

Den juridiske eigaren av abonnementet er den personen som har teikna det. Brukar-ID og passord til Hallingdølens digitale produkt må ikkje delast med andre enn medlemer av abonnentens eigen husstand, på hans/hennar opphaldsadresse.

Dersom ein deler brukar-ID og/eller passord med andre, eller på annan måte misbruker Hallingdølens tenester, har avisa høve til straks å stenge abonnentens tilgang til desse tenestene. Abonnenten vil då miste tilgangsretten til dei produkt og tenester ein eventuelt har kjøpt tidligare.